grieginbergen_sjøforsvarets

Grieg in Bergen

Sjøforsvarets musikkorps speler Griegs a-moll på festivalen Grieg in Bergen.

Utgått
Dato Tid Sted Billetter
16. aug. 2023
19:30

Sjøforsvarets musikkorps deltek på festivalen Grieg in Bergen for fyrste gong. Det er 17. gongen festivalen vert arrangert. 

Programmet på konserten er verk av Edvard Grieg og hans gode venn Percy Grainger samt den norske komponisten Geirr Tveitt.

Solist på Griegs klaverkonsert i a-moll er AhRuem Ahn som fekk 1. pris i Griegs internationale klaverkonkurranse. Dirigent er Nils-Erik Måseidvåg.

  1. Nils Erik Måseidvåg Dirigent

    reservebilde

    Siddisen Nils Erik Måseidvåg reknast som eit av Noregs store dirigenttalent, og har ved fleire høve gjesta blant anna Oslo-filharmonien, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester, Kristiansand Symfoniorkester, Arktisk Filharmoni og KORK. Han var fra 2018 og ut 2019 assistentdirigent for Bergen Filharmoniske Orkester, der han assisterte ein rekke produksjonar og dirigerte fleire konsertar, deriblant dei tradisjonsrike nyttårskonsertane i 2019. Han var i 2020 vinnar av Léonie Sonnings talentpris. Han er særs interessert i å få musikk fra levande komponistar meir frem i rampelyset, då han meiner det skrives enormt mykje god musikk som fortener å verta betre kjend. Måseidvåg har tidligare gjesta Sjøforsvarets musikkorps ma. på Borealis-festivalen og ved fjorårets Frigjerings- og nasjonal veterandagskonsert.

  2. Percy Grainger: Lads of Wamphray March

    Percy Grainger: Colonial Song

    Geirr Tveitt: Velkomne med æra 

    Percy Grainger: Shepherds Hey

    Edvard Grieg: Gangar fra Lyrisk Suite

    Geirr Tveitt: Storskrytarstev

    Percy Grainger: Gum Suckers March

    - Pause –

    Percy Grainger: Intermezzo

    Edvard Grieg: Klaverkonsert i a-moll